Maltesisk er eit språk i den semittiske språkgruppa blant dei afroasiatiske språka, saman med mellom anna arabisk og hebraisk. Maltesisk er nasjonalspråket på Malta.
Maltesisk blir skrive med det latinske alfabetet, sjølv om det er utvikla frå arabisk. Karakteristisk for maltesisk er den store mengda lånord frå italiensk, som gjer det svært vanskeleg for ein maltesar å bli forstått av andre arabisktalande. Arabisk kom til Malta med den muslimske erobringa på 800-talet. Språket er belagt i skrift frå slutten av 1400-talet.
Maltesisk byggjer på Maghrebi-arabisk, som blir snakka vest i Nord-Afrika, men har lånt sterkt frå italiensk. Dei daglegdagse orda som til dømes dør, mat, handle har opphav frå arabisk, medan det er mykje språket har lånt frå italiensk, i til dømes kunst og kultur.
Det maltesiske alfabetet er ein modifisert versjon av det latinske alfabetet, med tillegg av bokstavane ċ, ġ, għ, ħ, ie og ż. Maltesisk er det einaste semittiske språket som til vanleg blir skrive med det latinske alfabetet.
Språket er eit av dei to offisielle språka på Malta (saman med engelsk) og er som einaste afroasiatiske språk eit av EUs offisielle språk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.