Kvinne sett bakfra som kaster en ball av metall med stor kraft.
Når vi kastar ein ball, blir energi overført frå armen til ballen slik at ballen flyg av garde.
Av /Shutterstock.

Energioverføring er det som skjer når energi blir overført mellom ulike gjenstandar eller system.

Når vi varmar hendene ved å halde dei inntil ein varm omn, blir energi overført frå omnen til hendene våre slik at hendene blir varmare. Når vi kastar ein ball, blir energi overført frå armen til ballen slik at ballen flyg av garde.

Energioverføring kan skje gjennom varme, stråling eller arbeid. Varme er overføring av energi på grunn av temperaturforskjellar, for eksempel frå ein varm omn til litt kaldare luft og vidare til litt kaldare hender. Noko av energien frå omnen blir også overført til hendene og omgivnaden elles ved stråling, sidan omnen sender varmestråling. Når vi kastar ein ball, skjer energioverføringa ved at armen utfører eit arbeid på ballen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg