Faktaboks

Innbyggjartal
6863 (SSB, 2025)
Landareal
2,2 km²
Tettstadsnummer
4514 Hommersåk

Hommersåk er ein tettstad i Sandnes kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,2 km², og har 6863 innbyggjarar (2025).

Hommersåk ligg ca. 13 km nordaust for Sandnes sentrum. Hommersåk ligg inst i Riskafjorden, ein fjordarm som frå munningen av Gandsfjorden fører rundt tre km søraustover mellom fastlandet og øya Uskjo (Usken). I Hommersåk ligg Riska kyrkje, ei kyrkje i mur bygde i 1999. Der ligg også Riska gamle kyrkje frå 1877, oppførd i tre. Tettstaden er i dag eit viktig handelssenter. Fylkesveg 516 forbind Hommersåk med Sandnes sentrum.

Hommersåk er ein tradisjonsrik industristad. Det starta med eit møllebruk i 1878, og sidan har staden hatt ei svært variert industriverksemd, mellom anna sildolje- og gjødselproduksjon, og båtbygging og tekstilindustri. Av trevareindustri har Hommersåk hatt møbelindustri og tønneproduksjon.

Første ledd i namnet Hommersåk er visstnok hummar, men namnet er ikkje sikkert forklart.

Kart

Hommersåk
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg