Gloppen Hotell er eit trehotell i sveitserstil i Sandane, inst i Gloppenfjorden i Gloppen kommune, i Vestland fylke. Hotellet vart bygd i 1866 og seinare påbygd og modernisert fleire gonger. Gloppen Hotell er medlem av gruppa Classic Norway.
Gloppen Hotell
Faktaboks
- Offisielt namn
- GLOPPEN HOTELL AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Sandane
- Dagleg leiar
- Stephen Meinich-Bache
- Styreleiar
- Erik Berg
Historikk
Frå 1829 til 1866 fanst det ein enkel skysstasjon på staden. Frå midten av 1800-talet la sportsfiske av lakse- og sjøaure i Gloppenelva grunnlaget for større hotelldrift, og Joachim E. Sivertsen utvida skysstasjonen til landhandel og gjestgjevargard.
Gloppen Hotell vart i 1904 oppførte i den engelske guideboka Salmon Fishing in Norway som eit av dei beste fiskestadene i Noreg. I dag er hotellet framleis samlingsstad for sportsfiskarar. Hotellet tilbyr framleis sportsfiske i Gloppenelva, men har òg hjorteløyve til utleige for jegerar.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenkjer
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 55.100 Drift av hoteller; 10.130 Produksjon av kjøtt- og fjørfevarer
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.