Hopp til innhald

Vanuatu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vanuatu
Ripablik blong Vanuatu
Republic of Vanuatu
République du Vanuatu
Adjektiv: vanuatisk
Motto Long God Yumi Stanap ('Vi står ved Gud')
Nasjonaldag 30. juli
Nasjonalsong «Yumi, Yumi, Yumi»
Hovudstad Port Vila
Offisielle språk Bislama, fransk, engelsk
Flatevidd 12 190 km²
Folketal 300 019 (2020)[1]
Historie  
   Sjølvstende Frå Frankrike og Storbritannia
30. juli 1980
Styresett Republikk
   President Nikenike Vurobaravu
   Statsminister Jotham Napat
BNP 971 636 098 US-dollar (2021)[2]
HDI 0,607 (2021)[3]
Gini 32,3 (2019)[4]
Tidssone UTC +11
Valuta Vatu
ISO 3166-kode VU
Toppnivådomene .vu
Wikimedia Commons: Vanuatu

Vanuatu er eit land som ligg i den sørlege delen av Stillehavet.[5][6] Vanuatu består av ei rekkje mindre øyar som ligg ca. 1 750 km aust for Australia, 500 km nordaust for Ny-Caledonia, vest for Fiji og sør for Salomonøyane.

Øygruppa var ein fransk-britisk koloni som gjekk under namnet «Ny-Hebridane» fram til 1980 då landet erklærte sjølvstende.[7] Koloninamnet er ikkje lenger i bruk unnateke til historisk bruk.

Kart over Vanuatu.

Vanuatu består av 6 provinsar:

Vanuatu består av over 83 øyar. To av desse – Matthew- og Hunterøyane – vert gjort krav på av den franske oversjøiske staten Ny-Caledonia. Dei fleste av øyane er fjellaktige og vulkanske av opphav. Den største byen i landet er hovudstaden Port Vila.

Vanuatu har eit tropisk maritimt klima som er moderert av søraustpassaten i perioden mai-oktober. Resten av året er vindretningane variable, og det er mange tyfonar frå november til april. Årsnedbøren varierer frå 2300 mm i sør til ca. 4000 mm i nord. Middeltemperaturen i hovudstaden Vila er 22 °C i august og 27 °C i februar.

  1. «2020 National Population and Housing Census - Basic Tables Report, Volume 1, Version 2» (PDF). Henta 5. september 2023.
  2. https://data.worldbank.org/indicator/NY.GDP.MKTP.CD; vitjingsdato: 26. august 2023; utgjevar: Verdsbanken.
  3. https://hdr.undp.org/data-center/human-development-index#/indicies/HDI; utgjevingstidspunkt: 2022.
  4. https://data.worldbank.org/indicator/SI.POV.GINI.
  5. «Vanuatu» i Store norske leksikon, snl.no.
  6. Pedersen, Christian Fogd; Folke, Hans; Hovdhaugen, Even; Lorentzen, Jørgen; Pinholt, Jens. «Vanuatu» (på dansk). Lex på lex.dk. Henta 21. mai 2026.
  7. «Vanuatu» (på engelsk). Britannica. Henta 21. mai 2026.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Vanuatu