Stress
Stress kan definerast som eit mønster av fysiologiske, åtferdsmessige, emosjonelle eller kognitive responsar til reelle eller imaginære stimuli som blir oppfatta som å hindra mål eller verkar truande.[1] Slike stimuli er ofte ubehagelege og blir kalla stressorar. Stressorar kan variera i omfang, frå naturkatastrofar og valdsopplevingar til trivielle dagleg hendingar som å sitja fast i trafikk eller halda tale for eit publikum. Kortvarig stress har vist å ha positiv effekt på helsa, medan langvarig stress har vist å kunne ha negativ innverknad på både fysisk og psykisk helse.[2]
Helsemessige konsekvensar
[endre | endre wikiteksten]I ein akutt stressituasjon blir det autonome nervesystemet aktivert som gjer at kroppen blir innrett atil å handtera ein stressor. Dette skjer ved at HPA-aksen blir aktivert. Aktiveringa av HPA-aksen byrjar i hypotalamus og går via hypofysen til binyrene, der det fører til auka utskilling av adrenalin, noradrenalin og kortisol i blodomløpet. Desse hormonane set i gang ei rekkje prosesser i kroppen som blir kalla ein kjemp eller flykt-respons. Dette er ein adaptiv respons som førebur kroppen til å handtera stressoren gjennom å stansa mellombels aktivitet og frigjera energi til anten flukt eller kamp. Adrenalin og noradrenalin fører til auka puls og pustefrekvens, blodårer trekkjer seg saman og det blir frigjort glukose i musklane. Blodtilføringa blir ført bort frå fordøyingsorgan og ut til viktige muskelgrupper. Kortisol verker ved å frigjera glukose i skjelettmuskulatur og lever slik at blodsukkeret aukar. Kjemp eller flykt-responsen er dermed adaptiv for å handtera ein akutt stressituasjon. Dersom denne responsen held fram over lengre periodar, er særleg kortisol helseskadeleg ved at immunforsvaret blir svekka.[3]
Forskarar har funne ut at stamcellene som kontrollerer hud- og hårfarge blei fort øydelagde i mus som blei utsette for stress.[4]
Medisinsk omgrep
[endre | endre wikiteksten]Stressomgrepet slik det blir brukt i dagens skulemedisin blei definert i 1936[5][6] av den ungarsk-austerriksk-kanadiske legen og biokjemikaren Hans Hugo Bruno Selye, ein spesialist i endokrinologi.[7]
Han kalla det General Adaptation Syndrome, som er tilstanden som menneske og dyr kan koma inn i når dei blir utsette for ekstremt stressande omstende. Han påviste at den biologiske stresstilstanden utviklar seg i tre fasar. Stressreaksjonen blir den same, uansett om dei stressande omstenda er fysiske/kjemiske/biologiske eller om dei er sosiale/psykiske.[8][9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Martin, G.N., Carlson, N.R. & Buskist, W. (2010). Psychology, 4th. Ed. Harlow: Pearson.
- ↑ Segerstrom, S.C. & Miller, G.E. (2004). Psychological stress and the immune system: A meta-analytic study of 30 years of inquiry. Psychological Bulletin, 130(4), 601-630.
- ↑ Martin, G.N., Carlson, N.R. & Buskist, W. (2010). Psychology, 4th. Ed. Harlow: Pearson.
- ↑ «– Slik kan stress gjøre håret grått». www.abcnyheter.no (på norsk). 23. januar 2020. Henta 24. januar 2020.
- ↑ Hans Selye (4. juli 1936). «A Syndrome produced by Diverse Nocuous Agents» (PDF). Nature (på engelsk) 138. doi:10.1038/138032a0;.
- ↑ Hans Selye. «(Classic article) A Syndrome Produced by Diverse Nocuous Agents». The Journal of Neuropsychiatry and Clinical Neurosciences (J Neuropsychiatry Clin Neurosci) (på engelsk) 10. doi:10.1176/jnp.10.2.230a.
- ↑ Svartdal, Frode (24. januar 2023). «stress». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ Solberg E E. (2004).Psychobiological effects of meditation. University of Oslo. Thesis/Dissertation.
- ↑ «Nondirective meditation used in stress management.». Nordic Psychology 70(4):290-303. 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Stress» frå Wikipedia på bokmål, den 16. november 2025.