Hopp til innhald

Qardaha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Qardaha
قرداحة
by
Land  Syria
Guvernement Latakia guvernement
Distrikt Qardaha-distriktet
Nahiyah Qardaha
Høgd 330 moh.
Koordinatar 35°27′N 36°0′E / 35.450°N 36.000°E / 35.450; 36.000
Folketal 8 671 (2004)
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Qardaha
35°27′26″N 36°03′35″E / 35.457222222222°N 36.059722222222°E / 35.457222222222; 36.059722222222
Kart som viser Qardaha.
Kart som viser Qardaha.
Kart som viser Qardaha.
Wikimedia Commons: Qardaha

Qardaha (arabisk قرداحة, Qardāḥah) er ein landsby nordvest i Syria, i fjella oppom kystbyen Latakia. Av stader i nærleiken finn ein Kilmakho i vest, Bustan al-Basha i sørvest, Harf al-Musaytirah i søraust og Muzayraa i nord. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Qardaha eit folketal på 8 671 i 2004.[1] Han har ein hovudsakleg alawittisk folkesetnad og er den heimbyen til Assad-familien,[2] som har styrt Syria sidan 1970.

President Hafez al-Assad, som regjerte frå 1970 til 2000, var fødd i Qardaha. Under Assad investerte styresmaktene store summar i Qardaha, Lattakia og det kringliggande området. I dag ser ein dette alt før ein kjem til Qardaha der den breide, syriske kysthovudvegen gjer uforklarleg sving inn i fjella slik at han akkurat når Qardaha. Qardaha har mange luksusvillaer. Mektige familiar i Qardaha er Al-Assad, al-Khayer, Othman, Shalish, Ismail, Jabbour, Maaliki, Nassif, Hatem, Suleiman, Deeb, Kina'an, Makhlouf, Aslan, Jarkas. Ein stor statue av Hafez al-Assad finst i sentrum av byen, og eit stort mauseoleum med gravene til Basil al-Assad og Hafez al-Assad ligg òg der. Hasan al-Khayer vart òg fødd i Qardaha.

Den arameiske tydinga av Qardaha er den første landsbyen. Namnet Qardaha er fønikisk og tyder «staden som produserer og kvesser våpen». Fleire av landsbyane og stadane i Kystfjella har namn som opphavleg var fønikisk.[treng kjelde]

Det er sagt at blant tjerkessarane i Syria at byen Qardaha vart grunnlagd av tjerkessarar under mamelukk-sultanen Qansuh al-Ghawri. Bevis for dette kan ein sjå i dei mange tjerkessarane som budde i byen og heile fjellområdet. Det er til og med ei gate som heiter Tsjekessgata, i tillegg til ein stor familie med same namnet. Qardaha tyder på tjerkessisk «Velkomen».[treng kjelde]

Innbyggjarane i Qardaha stammer frå Kalbiyya-føderasjonen og byen tente som setneret for denne føderasjonen. Seint i osmansk tid, mellom 1840 og 1880, auka spaninga mellom styresmaktene og alawittarfolket i kystfjella kraftig. I 1854 1854 vart den osmanske guvernøren i Latakia sanjak («Latakia-distriktet») drepen i ein væpna konfrontasjon mellom styresmaktene og folk frå den Qardaha-baserte stamma. Dette gav mot til dei stridande frå Kalbiyya, som utførte fleire raid mot osmanske stillingar, noko som fekk styresmaktene til å reagere brutalt.[2]

I 1970 fekk Qardaha bystatus i lag med al-Shaykh Badr og Duraykish. I lag utgjer dei kring 6% av den totale urbane folkesetnaden i dei to kystguvernemententa, Latakia og Tartus. Dei tre byane er setet i sine eigne, nydanna distrikt (mantiqah).[2] I følgje den franske antropologen Fabrice Balanche, synte Ba'athist-styret som fekk makta i 1960-åra, ei favorisering av desse tre byane, som alle var alawittiske, og særleg Qardaha.

Den 24. april 2013 vart landsbyen angripen med rakettar av opprørarar under den syriske borgarkrigen.[3]

  1. Folketeljing 2004 Arkivert 2012-12-21 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. (arabisk)
  2. 1 2 3 Balanche, Fabrice (2006). La région alaouite et le pouvoir syrien (PDF) (på fransk). Karthala Editions. ISBN 2845868189.
  3. «Syria’s Civil War: Yet another massacre». The Economist. 27. april 2013.