Hopp til innhald

Parel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Parel
bydel
Land  India
Stat Maharashtra
Distrikt Mumbai City
Kart
Parel
18°59′N 72°50′E / 18.99°N 72.84°E / 18.99; 72.84
Wikimedia Commons: Parel

Parel (uttalt pəɾəɭ) er ein bydel i Mumbai.[1] Parel hadde tidlegare ei rekkje tekstilfabrikkar, men desse er blitt erstatta av kommersielle kontorbygg.[2]

Dei tidlegare sju øyane til Bombay.

Parel var opphavleg ei øy, ei av dei sju øyane i Bombay. Havet mellom dei er gradvis blitt fylt att til ein felles landmasse. Namnet «Parel» kan stamma frå Parali Vaijanath Mahadev-tempelet på staden, som var vigd til hinduguden Sjiva.[3] Dette tempelet blei erstatta av eit jesuittisk kloster på 1600-talet, då portugisarane hadde makta i området.[3]

Parel-relieffet eller Parel Shiva er eit viktig monolittrelieff av Sjiva i dei sju formene hans som er datert tilbake til sein Gupta-tid, frå 400- eller 500-talet, av ASI. Det blei funne i Parel då ein bygde veg der i 1931, og flytta til Baradevi-tempelet i nærleiken, der det framleis blir tilbede.[4]

I 1771 flytta den britiske guvernøren av Bombay, William Hornby, inn i det tidlegare klosteret, som blei kjent som Government House. Det blei skipa fleire fabrikkar i området.[5] I 1883 døydde kona til guvernøren av kolera i dette huset, og to år seinare blei guvernørbustaden flytta til Malabar Point. Under pestepidemiane på 1890-talet blei gamle Government House leigd ut til det nydanna Haffkine Institute.[6]

  1. D'Cunha, Jose Gerson (1900). «IV The Portuguese Period». The Origins of Bombay (3 utg.). Bombay: Asian Educational Services. s. 265. ISBN 81-206-0815-1. Henta 4. januar 2009.
  2. Kailash Babar (9. mai 2012). «Mumbai's Lower Parel: One of the most coveted piece of real estate in the country's financial capital hard to sell». The Economic Times (The Times Group). Henta 10. desember 2016.
  3. 1 2 «Parel belonged to the 13th Century, from another shrine to shiva». Henta 2. juli 2020.
  4. ASI; Michell, 355
  5. «Government House, Parell [Parel, Bombay]. British Library. Henta 9 May 2019.
  6. Hanhart, Joël (2016). Waldemar Mordekhaï Haffkine (1860-1930). Biographie intellectuelle. Paris: Éditions Honoré Champion.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Parel