Kapers
Utsjånad
| Kapers | |
Kapers | |
| Status | |
| Status i verda: | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
| Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Krossblomordenen Brassicales |
| Familie: | Capparaceae |
| Slekt: | Capparis |
| Art: | Kapers C. spinosa |
| Vitskapleg namn | |
| Capparis spinosa | |
Kapers (Capparis spinosa) er ein toårig busk med avrunda, ganske tjukke blad og store bleikrosa blomar. Busken er viltveksende i landa omkring Middelhavet, der han trivst på murar og i kystnære urar. Planta er mest kjend for knoppar og frukter ein kan eta.

Kapers kan òg visa til dei sylta blomsterknoppane frå kapersbusken. Dei uopna knoppane vert lagde i ein lake av vineddik og vert brukt som smakstilsetting i mange matretter og til smørbrød. Det er dei minste knoppane som har den mest utprega delikate smaken.
I 2005 var Marokko, Spania og Frankrike dei tre største eksportlanda for kapers.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på Kapers frå Wikipedia på bokmål, utgåva frå 28. juli 2017
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Meir om kapers ved coop.no