Generativ kunstig intelligens
Generativ kunstig intelligens (engelsk: Generative Artificial Intelligence, GenAI)[1] er ein underkategori av kunstig intelligens som nyttar generative modellar til å laga tekst, bilete, videoar eller andre former for data.[2][3][4] Desse modellane lærer dei underliggjande mønstera og strukturane i treningsdataane sine, og brukar dette til å skape nye data basert på inndata[5][6] – ofte i form av naturleg språk.[7][8]
Forbetringar innan djupe nevrale nettverk baserte på transformatorar, særleg store språkmodellar (LLM-ar), førte til ein eksplosjon i utviklinga av generativ KI på 2020-talet. Dette inkluderer samtalerobotar som ChatGPT, Copilot, Gemini og LLaMA; tekst-til-bilete-genereringssystem som Stable Diffusion, Midjourney og DALL-E; og tekst-til-video-generatorar som Sora.[9][10][11][12] Selskap som OpenAI, Anthropic, Microsoft, Google og Baidu, saman med ei rekkje mindre aktørar, har utvikla generative KI-modellar.[7][13][14]
Generativ KI har bruksområde innan eit breitt spekter av næringar, inkludert programvareutvikling,[15] helsetenester, [16] finans,[17] underhaldning,[18] kundeservice,[19] sal og marknadsføring,[20] moter,[21] skriving,[22] og produktdesign.[23] Samstundes er det reist bekymringar for mogleg misbruk av generativ KI, som til dømes cyberkriminalitet, bruk av falske nyhende eller «deepfakes» for å lure eller manipulere folk, og masseerstatning for tap av arbeidsplassar.[24][25] Det finst òg juridiske spørsmål knytt til opphavsrett, sidan generative modellar ofte blir trena på og etterliknar verna kunstverk.[26]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Newsom, Gavin; Weber, Shirley N. (5. september 2023). «Executive Order N-12-23» (PDF). Executive Department, State of California. Arkivert frå originalen (PDF) 21. februar 2024. Henta 13.04.25.
- ↑ Pinaya, Walter H. L.; Graham, Mark S.; Kerfoot, Eric; Tudosiu, Petru-Daniel; Dafflon, Jessica; Fernandez, Virginia; Sanchez, Pedro; Wolleb, Julia; da Costa, Pedro F.; Patel, Ashay (2023). «Generative AI for Medical Imaging: extending the MONAI Framework». arXiv:2307.15208 [eess.IV].
- ↑ «What is ChatGPT, DALL-E, and generative AI?». McKinsey. Arkivert frå originalen 23. april 2023. Henta 13. april 2025.
- ↑ «What is generative AI?». IBM. 22. mars 2024. Arkivert frå originalen 13. desember 2024. Henta 13. april 2025.
- ↑ Pasick, Adam (27. mars 2023). «Artificial Intelligence Glossary: Neural Networks and Other Terms Explained». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Arkivert frå originalen 1.09.2023. Henta 13. april 2025.
- ↑ Karpathy, Andrej; Abbeel, Pieter; Brockman, Greg; Chen, Peter; Cheung, Vicki; Duan, Yan; Goodfellow, Ian; Kingma, Durk; Ho, Jonathan; Rein Houthooft; Tim Salimans; John Schulman; Ilya Sutskever; Wojciech Zaremba (16. juni 2016). «Generative models». OpenAI. Arkivert frå originalen 17. november 2023. Henta 13. april 2025.
- 1 2 Griffith, Erin; Metz, Cade (27. januar 2023). «Anthropic Said to Be Closing In on $300 Million in New A.I. Funding». The New York Times. Arkivert frå originalen 9. desember 2023. Henta 13.04.25.
- ↑ Lanxon, Nate; Bass, Dina; Davalos, Jackie (10. mars 2023). «A Cheat Sheet to AI Buzzwords and Their Meanings». Bloomberg News. Arkivert frå originalen 17. november 2023. Henta The New York Times.
- ↑ Metz, Cade (14. mars 2023). «OpenAI Plans to Up the Ante in Tech's A.I. Race». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Arkivert frå originalen 31. mars 2023. Henta 13. april 2025.
- ↑ Thoppilan, Romal; De Freitas, Daniel; Hall, Jamie; Shazeer, Noam; Kulshreshtha, Apoorv (20. januar 2022). «LaMDA: Language Models for Dialog Applications». arXiv:2201.08239 [cs.CL].
- ↑ Roose, Kevin (21. oktober 2022). «A Coming-Out Party for Generative A.I., Silicon Valley's New Craze». The New York Times. Arkivert frå originalen February 15, 2023. Henta 13. april 2025.
- ↑ Metz, Cade (15. februar 2024). «OpenAI Unveils A.I. That Instantly Generates Eye-Popping Videos». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Arkivert frå originalen February 15, 2024. Henta 16. februar 2024.
- ↑ «The race of the AI labs heats up». The Economist. 30. januar 2023. Arkivert frå originalen 17. november 2023. Henta 13. april 2025.
- ↑ Yang, June; Gokturk, Burak (14. mars 2023). «Google Cloud brings generative AI to developers, businesses, and governments». Arkivert frå originalen 17. november 2023. Henta 13. april 2025.
- ↑ «The Transformative Impact of Generative AI on Software Development and Quality Engineering». Unite.AI (på engelsk). 17. juli 2024. Henta 13. april 2025.
- ↑ Raza, Marium M.; Venkatesh, Kaushik P.; Kvedar, Joseph C. (7. mars 2024). «Generative AI and large language models in health care: pathways to implementation». npj Digital Medicine (på engelsk) 7 (1): 1–3. ISSN 2398-6352. doi:10.1038/s41746-023-00988-4.
- ↑ Mogaji, Emmanuel (7. januar 2025). «How generative AI is transforming financial services – and what it means for customers». The Conversation (på engelsk). Henta 13. april 2025.
- ↑ Bean, Thomas H. Davenport and Randy (19. juni 2023). «The Impact of Generative AI on Hollywood and Entertainment». MIT Sloan Management Review (på engelsk). Henta 13. april 2025.
- ↑ Brynjolfsson, Erik; Li, Danielle; Raymond, Lindsey R. (April 2023), Generative AI at Work (Working Paper), Working Paper Series, doi:10.3386/w31161, arkivert frå originalen 28. mars 2024, henta 13. april 2025
- ↑ «Don't fear an AI-induced jobs apocalypse just yet». The Economist. 6. mars 2023. Arkivert frå originalen 17. november 2023. Henta 13. april 2025.
- ↑ Harreis, H.; Koullias, T.; Roberts, Roger. «Generative AI: Unlocking the future of fashion». Arkivert frå originalen 17. november 2023. Henta 13. april 2025.
- ↑ Coyle, Jake (27. september 2023). «In Hollywood writers' battle against AI, humans win (for now)». AP News. Associated Press. Arkivert frå originalen 3. april 2024. Henta 13. april 2025.
- ↑ «How Generative AI Can Augment Human Creativity». Harvard Business Review. 16. juni 2023. ISSN 0017-8012. Arkivert frå originalen 20. juni 2023. Henta 13. april 2025.
- ↑ Hendrix, Justin (16. mai 2023). «Transcript: Senate Judiciary Subcommittee Hearing on Oversight of AI». techpolicy.press. Arkivert frå originalen 17. november 2023. Henta 13. april 2025.
- ↑ Simon, Felix M.; Altay, Sacha; Mercier, Hugo (18. oktober 2023). «Misinformation reloaded? Fears about the impact of generative AI on misinformation are overblown». Harvard Kennedy School Misinformation Review (på engelsk). doi:10.37016/mr-2020-127. Arkivert frå originalen 17. november 2023. Henta 13. april 2025.
- ↑ «New AI systems collide with copyright law». BBC News. 1. august 2023. Henta 13. april 2025.
- Denne artikkelen bygger på innleiinga av «Generative artificial intelligence» frå Wikipedia på engelsk den 13. april 2025.