Hopp til innhald

Gasskjempe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Planeten Jupiter, den største av dei såkalla gasskjempene.

Gasskjempe, også kalla kjempeplanet eller gassplanet, er ein type stor planet som i hovudsak består av gassforma eller flytande materie og ikkje har noka fast overflate. Gasskjemper kan likevel ha ein fast kjerne, men det finst ingen veldefinert faseovergang som til dømes mellom jordatmosfæren og jordmantelen. I solsystemet blir planetane Jupiter og Saturn rekna som gasskjemper. Uranus og Neptun blei tidlegare klassifiserte som gasskjemper, men på 1990-talet blei det kjent at dei bestod av hovudsakleg tyngre og meir ustabile element (som blir refererte til som «isar»). Derfor blir Uranus og Neptun oftare separert inn i sin eigen kategori av iskjemper.[1]

  1. «Ten Things to Know About Neptune». NASA. Henta 16. mai 2018.