Eric Voegelin
| Eric Voegelin | |||
| Fødd | Erich Hermann Wilhelm Vögelin 3. januar 1901 Köln | ||
|---|---|---|---|
| Død | 19. januar 1985 Palo Alto | ||
| Nasjonalitet | USA, Tyskland | ||
| Yrke | statsvitar, filosof, universitetslærar, historikar, sosiolog | ||
| Institusjonar | Ludwig-Maximilians-Universität München | ||
| Alma mater | Universitetet i Wien | ||
Eric Voegelin (fødd Erich Hermann Wilhelm Vögelin, 3. januar 1901–19. januar 1985) var ein tysk-amerikansk politisk filosof.
Voegelin var fødd i Köln i 1901 og flytta med familien sin til Wien i 1910. Han studerte ved Universitetet i Wien. Rettleiarane for avhandlinga hans var rettsteoretikaren Hans Kelsen og filosofen Othmar Spann. Etter habilitasjon i 1928, underviste han i politis teori og sosiologi. I Austerrike danna Voegelin varige vennskap med Alfred Schütz[1] og Friedrich Hayek.[2]
I 1938 flykta Voegelin frå dei tyske nazistyrkene som hadde overteke Austerrike i Anscluss og kom seg til USA. Han blei merikansk statsborgar i 1944. Det meste av levetida si var han ved University of Notre Dame og Louisiana State University, seinare var han òg periodar i München og ved Stanford.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Szakolczai, Arpad (25. januar 2013). «Eric Voegelin and Alfred Schütz: A Friendship That Lasted a Lifetime». VoegelinView. Arkivert frå originalen 4. oktober 2020. Henta 9. september 2015.
- ↑ Federici, Michael. Eric Voegelin: The Restoration of Order, ISI Books, 2002, s. 1