Dvergsnipe
| Dvergsnipe | |
Dvergsnipe | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av Dvergsnipe | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
| Familie: | Snipefamilien Scolopacidae |
| Slekt: | Calidris |
| Art: | Dvergsnipe C. minuta |
| Vitskapleg namn | |
| Calidris minuta | |
Dvergsnipe er ein fugleart i snipefamilien.
Utsjånad
[endre | endre wikiteksten]
Dvergsnipa vert 14 cm lang, med eit vengespenn på 34-37 cm, og har ein mørk, tynn nebb og mørke føter. Raske rørsler skil arten frå andre vadarar, unnateke dei andre artane i slekta Calidris med mørke føter. Dei hekkende vaksne har eit oransjeaktig bryst, ein kvit hals og ein tydeleg kvit v på ryggen. I vinterdrakt er identifisering vanskelegare.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Arten hekkar ved kysten og innsjøar i arktiske område i Asia og Europa. Talet på fuglar avheng av populasjonen av lemen. I dårlege lemenår tek «rovfuglar» som jo og snøugle hekkande arktiske vadarar i staden.
Hekking
[endre | endre wikiteksten]Fuglane legg reiret med 3-5 egg på marka. Dvergsnipa er polygam, og hannen og hoa kan ha separate kull.
Føde
[endre | endre wikiteksten]Fuglane et små virvellause dyr som dei finn på mudderbankar.
Trekktilhøve
[endre | endre wikiteksten]Dvergsnipa er ein trekkfugl som flyg til Afrika og det sørlege Asia. Om vinteren og på trekket lever dvergsnipene i flokkar saman med andre artar i same slekta, spesielt myrsnipe.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Dvergsnipeegg
- Film av dvergsnipe
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dvergsnipe» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juni 2019.