Vesleasia


Vesleasia eller Anatolia er ei halvøy i sørvestlege Asia, mellom Svartehavet, Egearhavet og Middelhavet. Som det vestlegaste framspring av Asia utgjør Anatolia det meste av dagens stat Tyrkia. Regionen blei tradisjonelt delt inn i landskapa Kappadokia, Pontos, Paflagonia, Bitynia, Galatia, Frygia, Mysia, Troas, Aiolis, Lydia, Karia, Lykia, Milyas, Kabalia, Pamfylia, Pisidia, Lykaonia, Isauria og Kilikia.
I oldtida var landområdet kjent for mange viktige folk og rike, og for mange viktige hendingar. Her eksisterte i tidleg tid Hattusas-riket, som ein vanlegvis meiner var grunnlagt av hettittar. Her eksisterte òg fleire store rike samtidig med den hellenistiske kultur. Til dei høyrte riket til kong Krøsus av Lydia. Seinare var det òg i dette området at Konstantin utførte dei fleste av bedriftene sine.
I gamal tid budde det mange folk her som snakka anatoliske språk, som høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien. Seinare vart dei blanda opp med grekarar.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]
Anatolia er avgrensa av Svartehavet i nord, Middelhavet i sør og Egearhavet i vest. Marmarahavet bind saman Svartehavet i nordaust (gjennom Bosporossundet) med Egearhavet i sørvest (gjennom Dardanellane), og skill dermed Anatolia frå Trakia på det europeiske fastlandet. Ifølgje den tradisjonelle definisjonen er den austlege grensa til den anatoliske halvøya ei diagonal linje som strekkjer seg frå İskenderunbukta (Alexandrettabukta) ved den tyrkiske kysten mot Middelhavet til breiddene av provinsen Artvin i den austlege delen av den tyrkiske svartehavskysten.
Fjellplatået aust for denne linja var historisk kjent som det armenske høglandet (Armenia Major). Denne regionen er no omdøypt til (og ligg i stor grad innanfor) Aust-Anatolia lengst aust i Tyrkia og møter Vesle Kaukasus, eit område som blei lagt inn under det russiske keisardømet sin region Transkaukasia (eller Sør-Kaukasia) på 1800-talet.[1][2] Aust-Anatolia er derimot ei relativt ny nemning som blei definert i 1941 for å erstatta den historisk meir velkjende «Vest-Armenia».[3][4]
Sidan tidleg på 1900-talet har Anatolia ofte blitt rekna som synonymt med asiatiske Tyrkia, ettersom det utgjer meir enn 95 prosent av det totale landarealet til Tyrkia,[5] og dei austlege og søraustlege grensene til regionen i stor grad er oppfatta som Tyrkia sine grenser med nabolanda Georgia, Armenia, Nakhitsjevan (i Aserbajdsjan), Iran, Irak, og Syria.
Historie
[endre | endre wikiteksten]

På grunn av den strategiske plasseringa si ved skiljet mellom Asia og Europa, har Anatolia vore årestad for fleire sivilisasjonar heilt frå førhistorisk tid, med neolittiske (yngre steinalder eller bondesteinalderen) busetnader som Çatal Höyük 7500 f.Kr, Nevali Cori 8000-7000 f.Kr, Göbekli Tepe 9000 f.Kr, Cayönü Tepesi 8000-6.900 f.Kr, Hacilar og Mersin. Busetnaden i Troja byrja i neolittisk tid og fortsette fram til jernalderen.
Tyrkifiseringa av Anatolia byrja allereie under Seldsjukkriket på slutten av 1000-talet og heldt fram under Det osmanske riket mellom tidleg på 1300-talet og tidleg på 1900-talet, seinare forsterka under Tyrkia, inkludert språk, religion, genetisk andel av befolkninga og dessuten endringar i historiske stadnamn.[6]
Store sivilisasjonar og folkegrupper som har levd i eller erobra Anatolia omfatter hattianarar, luviarar, hettittar, frygarar, kimmeriarar, lydiarar, persarar, tabalar, grekarar, pelasgiarar, armenarar, galatarar, romarar, gotarar, bysantinarar, seldsjuktyrkarar og osmanarar.
Språk
[endre | endre wikiteksten]Folka i Vesleasia i oldtida snakka no utdødde anatoliske språk frå den indoeuropeiske språkfamilen. Desse blei i stor grad erstatta av gresk frå klassisk antikk tid og i løpet av hellenistisk, romersk og bysantinsk tid.
Folkegruppene i Anatolia hadde mange ulike etniske og språklege tradisjonar, og den dokumenterte historia viser at anatoliarar har brukt både indoeuropeiske og semittiske språk, i tillegg til mange språk av usikkert opphav. På grunn av den høge alderen på dei indoeuropeiske språkene hettittisk og luvisk, er det blitt fremja ein teori frå eit mindretal av forskarar at Anatolia kan vore det hypotetiske senteret som det indoeuropeiske språket har spreitt seg ut frå.
Dagens innbyggjarar av området snakkar stort sett tyrkisk og kurdisk, som kom dit då tyrkiske folkegrupper erobra regionen og danna Det osmanske riket på 1200-talet. Dei ikkje-tyrkiske språka kurdis, assyrisk, arabisk, lazisk, georgisk og gresk blir framleis snakka av minoritetar i regionen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Adalian, Rouben Paul (2010): Historical dictionary of Armenia, 2. utg., Lanham, MD: Scarecrow Press, ISBN 0810874504, s. 336–338
- ↑ Grierson, Philip; Mørkholm, Otto; Westermark, Ulla, red. (1991): Early Hellenistic coinage: from the accession of Alexander to the Peace of Apamea (336–188 B.C.), Cambridge: Cambridge University Press, ISBN 0521395046, s. 175
- ↑ Sahakyan, Lusine (2010): Turkification of the Toponyms in the Ottoman Empire and the Republic of Turkey. Montreal: Arod Books. ISBN 978-0969987970.
- ↑ Hovannisian, Richard (2007): The Armenian genocide cultural and ethical legacies, New Brunswick, N.J.: Transaction Publishers, ISBN 1412835925, s. 3.
- ↑ Hooglund, Eric (2004): «Anatolia» i: Encyclopedia of the Modern Middle East and North Africa. Macmillan/Gale – via Encyclopedia.com. Sitat: «Anatolia comprises more than 95 percent of Turkey's total land area.»
- ↑ Bayazit Yunusbayev et al. (21. april 2015): «The Genetic Legacy of the Expansion of Turkic-Speaking Nomads across Eurasia» i: PLoS Genetics 11:4: e1005068. doi:10.1371/journal.pgen.1005068
- Denne artikkelen bygger på «Anatolia» frå Wikipedia på bokmål, den 1. juni 2026.